Meny
 

Trafikken på Straume vert lagd om

Fjell kommune byggjer ny rundkøyring ved Kystbygarasjen:

 

 

Frå den 12. november vert trafikken på Straume lagd om som følgje av bygginga av ny rundkøyring ved inngangen til Kystbygarasjen.

 

Grønamyrsvegen vert stengd ved innkøyringa i rundkøyringa. Krysset vil då fungera som eit T-kryss der det er mogleg å køyra Arefjordvegen i begge retningar. Det er også tilkomst til Kystbygarasjen og Sprek og Blid.

 

Fram til den 12. november vert det nokre mindre stengingar og manuell dirigering i korte periodar. Arbeidet med ny rundkøyring er planlagd avslutta i mai 2019.

 

FASE 2: frå og med 2. januar, vert rundkøyringa stengd. Då vert det omkøyring via Lonavegen,
Smålonane og Idrettsvegen. Det vert likevel i heile anleggsperioden høve til å køyra inn og
ut av Kystbygarasjen frå/mot vest (Arefjordsvegen).